x
USO aktuelt
Siste nytt
Litt om USO
Tidligere konsertprogram
USO artwork: plakater
Aktuell prøveplan
International information
Lytt til USO (in mp3)!
USO meets the press
The inevitable link page
Thank you

Contact USO
-> eMail USO
USO on social media
-> USO on Facebook -> USO on Instagram
© sto2000-∞


Meir fortissimo, takk!

Når dirigent Haagenrud løfter taktsokken, rettar Universitetets Symfoniorkester kollektivt ryggen. Neste konsert herjar i bakhovudet.

SNART KONSERT. Dirigent Per Gisle Haagenrud losar Universitetets Symfoniorkester meir eller mindre trygt gjennom Brahms fjerde symfoni.

Den som vil spele symfonisk musikk på amatørnivå i Bergen, har ikkje nett eit oppkomme av moglegheiter.
Men Universitetets Symfoniorkester (USO) er definitivt ei av dei.

Kvar veke samlast hobbymusikarar på Studentsentret for å øve inn programmet til neste konsert. Og, med litt flaks, å få oppleve ein av dei augneblinkane som gjer at ein musikar gløymer all terping og alt slit: Å kjenne bogen bite godt i strengen. Å vite før ein smell fingeren på gripebrettet korleis tonen kjem til å klinge - reint og klart. Å høyre blåsar-rekkja overta melodien og drive han vidare framover, presist og målmedvite. Då kjenner ein at ein lever så det sitrar i ryggrada.

Sosialt og utviklande
Mari Sandbakken studerer realfag på første semester og spelar bratsj i USO.
– Eg gjekk på musikklinje på vidaregåande, og har alltid spelt i orkester. Då eg kom til Bergen, fall det naturleg å bli med i USO, seier ho. Og det kjem ho til å halde fram med.

– Orkesteret spelar krevjande stykke, så det er både utfordrande og kjekt. USO held eit høgt nivå for eit amatørorkester. Men folk er ikkje alltid like flinke til å møte opp på øvingane.
USO er sett saman av både studentar og tilsette ved Universitetet. Tradisjonelt har orkesteret vore dominert av legestudentar. Kanskje ikkje tilfeldig, sidan statistikken fortel at legestudentane også er dei som går oftast på konsert i Grieghallen. I USO får medlemmane halde vedlike sine musikalske interesser, og øvingsmengdene tek ikkje knekken på nokon. Mari meiner det er utviklande å spele i orkesteret.
– Vi blir kjende med ny musikk. Reint teknisk er det nok ikkje så utviklande, til det øver eg for lite. Men eg har stort utbytte av det likevel. Og vi har det veldig sosialt på øvingane, seier ho.

Konsert rundt hjørnet
Kvar haust stiller orkesteret i finstasen for å spele på den årlege immatrikuleringsfesten i Grieghallen. Utover det, held dei til vanleg to konsertar i semesteret.

I rampelyset. Bratsjist Mari Sandbakken har funne seg til rette på podiet

Laurdag 11. desember skal USO ha julekonsert, med mellom anna Brahms sin fjerde symfoni på programmet. I ei ideell verd skulle no musikken vere såpass godt innarbeidd at ein kunne ha plenty tid til finsliping på detaljane. Den verkelege situasjonen avvik aldri så lite frå idealet. Dirigent Per Gisle Haagenrud har litt av kvart å utsetje på gjennomkøyringa av første sats.

– De heng, folkens! De spelar triolane akkurat så mykje legato, og utan marcato, at det høyrest seint ut. Vi tek det på nytt, to taktar før bokstaven Q.
Ei konsertoppkøyring er akkurat som eksamenslesing. Alt går inn siste veka. Og ein må rekne med å terpe til det siste.
– Seks taktar før bokstaven I, berre for å nemne det: Det skal vere fortissimo hjå strykarane. Eg høyrde ikkje eit pip!
Dirigent Haagenrud tek taktstokken fatt. Enno står ein del arbeid att.

Tekst: Kjerstin Gjengedal
Foto : Ole Christian Aamot